Nyhetsarkiv for 7459 nyheter publisert på Hestesport.no i perioden 24. mars 2012 til 8. november 2021.
Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann var overlegne i begge sine
dressurklasser, og vann KM dressur for senior i Møre og Romsdal med
heile ti prosent klaring ned til andreplassen.
Tekst: Madsi Vinjevoll, leiar i akt utvalet, Norges Fjorhestlag. Foto: Stine V. Olsen.
Nyhagen var einaste representant frå Søre Sunnmøre under KM dressur i Kristiansund 29.-30. september. Her fekk ho møte mange ekvipasjer som ho ikkje hadde konkurrert mot tidlegare.
Ekvipasjen fekk ein svært god start laurdag, der dei oppnådde heile 68,065 prosent i klasse LA4. Med over fire prosent klaring ned til andreplassen, kunne ekvipasjen koste på seg ei god natts søvn før finaleklassen. Suksessen heldt fram søndag, då Nyhagen vann klasse LA5 med 65,862 prosent. Totalt oppnådde ekvipasjen 133,927 prosent. Sølvet i KM senior gjekk til Marianne Haltvik og Holtenbrage, frå arrangørklubben Kristiansund og Frei. Dei oppnådde 123,916 prosent totalt. Bronsen gjekk til Ann Elen Orvik og Toronto frå Molde, med 122,858 prosent. Dette er tredje gongen Nyhagen har vorte kretsmeister i dressur med fjordhingsten Pokemann. Ekvipasjen er for tida også regjerande norsk meister for fjordhest.
KM junior vart vunne av Idunn Gjerde på Ce Hit frå Kristiansund og Frei, med totalt 129,444 prosent. Caroline Åndal og Prima Diva frå Kristiansund og Frei tok sølvet med 128,241 prosent og Marianne Myklebust Myrstad og High Star frå Ålesund kapra bronseplassen med 121,342 prosent. Juniorklassen gjekk i LB2 og 3. Også ponniane gjorde opp om edelt metall, og ponniklassen vart vunne av Sofia Hagen Nakken med Jumper, frå Molde. Dei oppnådde 124,470 prosent totalt. Sølvet her gjekk til Tanja Shwalbach og Ohrs Juni frå Kristiansund og Frei, med 122,817 prosent. Sigrid Vedde Kroken tok bronsen på ponnien Galja. Dei oppnådde 119,530 prosent, og representerer Ålesund. Ponniklassen gjekk i LC1 og 2. Totalt var det kring 30 ekvipasjer påmeldt til stemnet, som gjekk føre seg på Kristiansund og Frei sitt hestesportssenter i Kvalvåg.