Nyhetsarkiv for 7459 nyheter publisert på Hestesport.no i perioden 24. mars 2012 til 8. november 2021.
Fjordhesten får meir enn ei ansiktløfting under Hingsteutstillinga 2013. No skal hingstane skape fest for folk flest i verda sitt mekka for fjordhestfolk, Nordfjordeid. Prosjektet ”Fjordhest for folket” vil synleggjere Nordfjord sin unike posisjon som fjordhest-sentrum for heile verda.
Hingsteutstillinga 2.- 4. mai på Nordfjordeid blir generalprøva på fjordhesten si ferd frå gammaltida og inn i framtida. Gråmann og Blakken dreg ikkje lenger høylasset, dei salar om for å frakte steinrike turistar i norsk postkort-natur. Både fjordingen og norsk natur er ”one of a kind”, og saman uslåelege. Framtida sitt potensial som turistmagnet og barneven blir gjort synleg for første gong under årets hingsteutstilling på vårgrøne, vakre Nordfjordeid. Det er grunn til å vere stolte av dette dyret som langt på veg er eit ikon for Norge slik kamelen er for Sahara.
”Fjordhest for folket”-prosjektet inviterer, i tillegg til hestefolket, folk flest med på fest i heile Nordfjordeid sentrum. Alle aktivitetar er for alle: dei minste kan få klappe snille hestar på ein eigen ”hesteklappe-plass”, det blir hestetaxi for bestemor og alle andre, ponnimønstring for ungar, guida tur med fjordhest, natursti, riding på bane, travløp, hesteskokasting og lokalmat- og husflidboder.
Hingsteutstillinga på Nordfjordeid er eit tradisjonsrikt arrangement som samlar hestefolk frå inn- og utland. Det har vore utstilling på Nordfjordeid den første helga i mai, tru det eller ei, heilt sidan 1886. Dette er ei landsutstilling for fjordhingstar, og hit kjem kvart år kjøparar frå heile Skandinavia, mellom-Europa og USA. Til og med Australia har importert fjordhest frå Nordfjordeid!
Det er 80.000 fjordhester utanfor Norge! 2.- 4. mai 2013 er Nordfjordeid navet som spilane i dette kjerrehjulet peikar mot for alle desse.