Nyhetsarkiv for 7459 nyheter publisert på Hestesport.no i perioden 24. mars 2012 til 8. november 2021.
Hausten 2010 bestemte Osterøy Fjordhestlag, Voss Fjordhestlag og Voss Køyre- og Rideklubb seg for å levere inn ein søknad om å få arrangere NM Fjordhest 2012. Og 9. juli er det klart for arrangementet.
Arbeidet med planlegginga gjekk straks i gang og i skrivande stund er me inne i den siste hektiske månaden før arrangementet går av stabelen. Det er fortsatt mykje som står att, men me har full tru på at det vert eit storslått arrangement me kan vere stolte over.
Ei stor utfordring me som arrangør har hatt er at det ikkje fantes eit hesteanlegg i vår region(Osterøy og Voss) som er stort nok til å «huse» eit arrangement som NM. Difor gjekk me inn på ein avtale med Skifte Eigedom om liege av Bømoen militærleir. Bømoen ligg vakkert til ved utløpet av Raundalselva ca 4,5 km nordaust for sentrum av Voss og dannar slik ei flott ramme på arranmentet. Men det har krevd mykje arbeid og mange dugnadstimar for å gjera dette området klart til å ta imot 100 fjordhestar og ryttarar, med tilhøyrande publikum. Det som er trist er at me ikkje får behalda anlegget som eit hesteanlegg for framtida, då det er uvisst kva som skjer med eigedomen seinare.
Det er rikeleg med plass på Bømoen, men det er potensiale for at det kan verte ein intim stemneplass. Dette inneber korte gåavstandar mellom stallar, parkering og konkurransearena, på den måten kan publikum få med seg mest mogleg frå ein ståstad. Publikum vil og kunna nyta godt av det gode mattilbodet vårt. Me har stor innandørs kantine, med servering av frukost og middag kvar dag, samt eit rikt utval av kioskvarer. Me vil òg ha ein mindre kiosk i nær tilknytning til konkurransearenaen.
Her er programmet for NM-dagane:
Mandag 9.juli OPNINGSSEREMONI (kveldstid)
Dag 1 Tysdag 10.juli Dressurriding: LC:2, LB:2, LA:3
Dag 2 Onsdag 11.juli Dressurkøyring: LB, MB
Dressurriding: LC:1, LB:1, LA:0
Dag 3 Torsdag 12.juli Maratonkøyring: LB, MB
Feltritt knøttecup: LC-dressurriding, 0,60 Sprang, Terrengritt
Dag 4 Fredag 13.juli Presisjonskøyring: LC, LB, MB
Dressurridning: LA:6 kür (dansk)
Rytter/Kuskefest (Kveldstid)
Dag 5 Laurdag 14.juli Sprangriding: 0,60 0,70 0,80 1,00
AVSLUTNINGSSEREMONI
Sundag 15.juli Avreisedag
På nettsidene våre finn du alle informasjon om arrangementet og under stemnet vil du her finna løpande oppdateringar om resultat.
Adresse: http://nmvoss.fjordhestlag.no.
Arrangørane ønskjer alle hjerteleg velkommen til NM Fjordhest på Voss 9.-14. juli.