ARKIV.HESTESPORT.NO

Nyhetsarkiv for 7459 nyheter publisert på Hestesport.no i perioden 24. mars 2012 til 8. november 2021.

Distanseritt på Frøysa

Bildetekst: Tre damer frå Nordvest Hestesportsklubb i farta

Laurdag 15. juni arrangerte Stranda Ride og Køyreklubb distanseritt på Frøysa.

Tekst: Janne Hetle

Vi hadde eit fantastisk fint ver, og humøret var på topp hjå både to- og firføtte. Frøysa er eit lite klyngetun på Sunnmøre, og denne dagen var det fleire hestar enn fastbuande. Tjue ekvipasjar hadde teke turen til lille Frøysa denne dagen, til stor glede for både klubb og bygdefolk.

Løypa var lagt på grusvegar i naturskjønne omgjevnadar, og var særs publikumsvenleg. Sidan vi hadde fått løyve til å ri gjennom fleire gardstun, hadde bygdefolket rigga seg til på trapper og benker for å heie rytterane rundt løypa. Ekstra moro for publikum var det at rytterane tok seg tid til å vinke og endog veksle eit og anna ord med tilskodarane.

Det var stor spreiing i alder og tidlegare erfaringar hjå ryttarane, og blant hestane var det stor variasjon av rasar, men dei kunne alle være einige om at distanseritt er noko for alle. Dette ser ut til å bli ein fast tradisjon og vi gler oss allereie til neste år.

Vi i Stranda Ride og køyreklubb anbefaler distanseritt på det sterkeste:-)